Årsmøtet

Årsmøtet vert halde i løpet av mars kvart år, og staden skiftar frå lag til lag. Me tykkjer det er eit viktig prinsipp å kome innom dei ulike laga og dei flotte ungdomshusa deira. Saklista plar vere nokså lik frå år til år, men det er likevel mange meiningar som kjem opp på møtet. Slik skal det òg vere – ungdomslaga har tradisjon for demokratiske prinsipp.

Merk at dersom du ynskjer å sende inn framlegg, så lyt du gjere det seinast ein månad før.

Vest-Agder Ungdomslag er eit fylkeslag av Noregs Ungdomslag for ungdomslag i vestre Agder og Setesdal. Lokallaga våre driv ein allsidig aktivitet med teater, revy, dans, spelemannslag, ungdomsklubber og mykje meir. Dei fleste laga eig og driv eigne ungdomshus til glede for heile bygda!
Image

Vest-Agder Ungdomslag

  Besøksadresse: Peder Claussønsv. 3A, 4520 Lindesnes

  vest-agder@ungdomslag.no

  97 06 44 85