Bunad

Ungdomslaga har alltid tykt at bunader og bunadarbeid har vore viktig for organisasjonen. Bunadene speglar att vår eigen tradisjon, kultur og identitet og har difor vore hand i hanske for ungdomslaget. Me er stolte av tradisjonane og bunadene våre. Utan denne viljen til å ta fram dei gamle kleda, undersøkje vår eigen kultur og lage ein tradisjon og syne bunaden fram (om så berre på 17. mai) – så hadde me ikkje hatt dette heilt spesielle plagget i dag.

Bunadene i fylket

I Vest-Agder er det den såkalla Vest-Agder-bunaden som gjeld. Herrane har berre to val, det kjem an på tidsperioden dei vel frå: Anten knebukser eller lange bukser. Men elles er bunaden nokså lik: Ein striput vest, svarte knebukser og jakke, kvit linskjorte og kvite ullstrømper. Svart hatt høyrer òg til.
For kvinnene derimot, er det mykje større variasjon. I dag er det fire variantar i bruk: Plisséstakk, rynkestakk, stripestakk og ein nyare, rekonstruert bunad. Dei to fyrste er heilt svarte med raud og grøn kant nedst. Stripestakken har tynne raude/grøne striper på svart botn. Alle tre stakkane byggjer på draktskikken frå åra 1830-1880 og vert haldne oppe av vovne seler. Men dei har sjølvsagt røter lenger attende, ein veit til dømes at ei tidleg utgåve av stripestakken var i bruk rundt 1800 og endå tidlegare. Til stakkane høyrer det eit snøreliv i raudt, grønt eller svart ull- eller brokadestoff. Særskilt trekk for Vest-Agder-bunaden er ”klauva”, ein fold midt bak på snørelivet som er runda opp på ein spesiell måte. Forkle i ull, silke, bomull eller damask høyrer til. Kvitt linforkle vart bruka på stripestakken (òg kalla randlestakken) til kyrkje. Kvit linskjorte, lauslomme, halstørkle og ein vase med eller utan kvitt eller mønstrut tørkle over, høyrer med til bunaden. Ein vase er ei slags støtteform for hovudplagget. Er du ugift jente, skal du ha ein låg vase som kallast ”rult” medan gifte jenter har ein høg vase med namn ”valk”. Svart trøye i ull/ulldamask eller eit svart sjal med ullbroderi er ofte godt å ha på kalde 17. mai-dagar. Det finst 9 ulike broderi, og fleire av dei har ei gledeside med friske fargar og ei sorgside med meir dempa fargar.

Bunadkurs

Lokale lag og foreiningar slik som husflidslag, familielag, ungdomslag eller bygdekvinnelag skipar til bunadkurs frå tid til annan. Fylg med i avisa eller kontakt Husfliden Mandal.
Eit bunadkurs er mykje billegare enn å kjøpe ein ferdig sydd bunad. Og så har du gleda av å ha sydd han sjølv og teke del i prosessen. Til kvinnebunaden treng du for så vidt ikkje særlege saumkunnskapar; kurslærarane tek deg trygt og greitt gjennom kurset og hjelper deg raskt med det vanskelegaste. Til herrebunaden er det helst eit krav at du har ein del sypraksis frå før, då det faktisk er ein del skreddarlege ferdigheiter som kjem godt med.
I båe falla lagar du ein skreddarsydd bunad, altså etter mål – som gjer at bunaden passar nett den personen han er tenkt til – anten det er til deg sjølv eller andre.

Vennesla frilynde UL og Lista UL har kvart år bunadkurs – kontakt Hilde Stave på Lista eller Dag Olav Hagen i Kristiansand for påmelding.

Bunadnemnda

I Vest-Agder UL har det tidlegare vore ei bunadnemnd som tok seg av praktiske og teoretiske  spørsmål rundt bunaden, men dette syter i stor grad husflidslaga rundt om for. Vest-Agder Husflid har vore ein pådrivar for bunadarbeidet i fylket, og særleg husfliden i Mandal skipar jamleg til kurs i både dame- og herresaum av bunadene våre.
Har du spørsmål om bunad, har me likevel ei bunad(orakel)kontakt i Vest-Agder UL med namn Dag Olav Hagen, Ålefjærv. 271, 4634 Kr.sand. Ta kontakt med han på tlf. 38199020 eller e-post d-ol-h@online.no dersom det er noko du lurer på!

Bunadhjelp

Råd og rettleiing om påkleding, stoffval og tilhøyrande sylv m.m. kan du få både hjå Dag Olav Hagen og Husfliden Mandal eller Husfliden Kristiansand. For dei som ynskjer setesdalsstakkar, er det best å vende seg til Setesdal Husflidssentral, 4747 Valle.

Bunadsaum

Treng du hjelp til å sy om bunaden din, kan du vende deg til Husfliden då òg. Dei kan berre garantere hjelp til dei bunadene dei sjølve har vore med og sydd, men råd får du uansett.
Treng du rask, kyndig bunadhjelp – anten i form av reparasjon av den gamle bunaden – eller du rett og slett ynskjer deg ein ferdig skreddarsydd bunad – kan du òg ta kontakt med Vanta Kalleberg i Grimstad.
Visste du forresten at du har høve til å ta bunadutdanning gjennom Noregs Ungdomslag? Ta ein kik på nettsida deira på www.ungdomslag.no.

Vest-Agder Ungdomslag er eit fylkeslag av Noregs Ungdomslag for ungdomslag i vestre Agder og Setesdal. Lokallaga våre driv ein allsidig aktivitet med teater, revy, dans, spelemannslag, ungdomsklubber og mykje meir. Dei fleste laga eig og driv eigne ungdomshus til glede for heile bygda!
Image

Vest-Agder Ungdomslag

  Besøksadresse: Peder Claussønsv. 3A, 4520 Lindesnes

  vest-agder@ungdomslag.no

  97 06 44 85