Teater

Vest-Agder Ungdomslag har fleire lokallag som har lange tradisjonar for teater og særskilt revy. Det er ei stor støtte for lokallaga å kunne gå på generalprøvene til kvarandre for å få idear og inspirasjon. –Eller berre å ta ein telefon til ein ”kollega”, dvs. teaterleiar for råd og innspel.

Teaterlag i lokallaga

Ofte er teaterlaga eit eige, lite samfunn innanfor laget – men ikkje alltid. Nokre gonger er det lag som ikkje har annan aktivitet enn teater. Eit døme på dette er UL Kvindølen. Elles er Marnardal UL, Grindheim UL, Lindesnes UL og Øvrebø UL (tidlegare) kjend for sine gode revyar.

Teaterhjelp

Dersom du treng hjelp til noko i teaterarbeidet, kan du ringje Rosegården teaterhus i Kristiansand. Du kan òg kontakte teaterleiarane i lokallaga. Eller du kan gå på generalprøvene til lokallaga for å få inspirasjon og idear.

Teaterkontakt

I augneblinken er det inga teaterkontakt i fylkeslaget.

Teaterkurs

Dei kursa som går i fylkeslagsregi, skjer til vanleg på storkurs, altså den fyrste helga i februar kvart år som vekslar mellom dei fire fylkeslaga Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder og Telemark.

Teaterleirar i lokallaget

Dei laga som har revytradisjonar, har normalt utnemnt ein teater- eller revyleiar.

Barne- og ungdomsteater

Ikkje mange lag har hatt eller har barneteater. BUL Kristiansand har hatt noko teater på barnelaget sine øvingar tidlegare og eitt år hadde Lindesnes UL ei stor barneteatergruppe. Søgne UL har hatt to barneteatergrupper i laget som dessutan har delteke på Amatørteaterfestivalen i Oslo. Vennesla frilynde UL og UL Kvindølen har hatt svært aktivt barneteater tidlegare.

Planar om framsyning i lokallaga!
Mange lag har framsyning annakvart år, her kan me nemne UL KvindølenGrindheim ULMarnardal UL og Lindesnes UL. Men nokon gonger tek dei ei lenger pause frå revyane.

Vest-Agder Ungdomslag er eit fylkeslag av Noregs Ungdomslag for ungdomslag i vestre Agder og Setesdal. Lokallaga våre driv ein allsidig aktivitet med teater, revy, dans, spelemannslag, ungdomsklubber og mykje meir. Dei fleste laga eig og driv eigne ungdomshus til glede for heile bygda!
Image

Vest-Agder Ungdomslag

  Besøksadresse: Peder Claussønsv. 3A, 4520 Lindesnes

  vest-agder@ungdomslag.no

  97 06 44 85