Dans
Agder folkemusikk- og folkedansnemnd
AFF – Agder folkemusikk- og folkedansnemnd er ei nemd som vart til då nemnda for Agder folkemusikklag og nemnda for folkedans og folkemusikk vart slegne saman i 2015. Nemnda står for dei fleste dansetilskipingane i fylket, herunder vår- og haustfolkedansfesten og einskilde dansekurs, og ikkje minst samarbeidsdansen mellom lokallaga i vest. Samarbeidsdansen er den andre sundagen i månaden og går på rundgang hjå laga Lindesnes UL, UL Lyngdølen og Halse UL. Leiaren i AFF koordinerer sundagane.
I tillegg held Liv Arvidsson og Osmund Valand Eikeland kontradansøvingar om lag ein sundag i månaden. Ta kontakt med dei for info/påmelding.
Samarbeidsdansen
Kvar andre sundag i månaden har du høve til å kome på dans frå Lyngdal til Mandal. Dette er eit godt tiltak i fylkesregi, og vona er at det same kan dukke opp i austre delen av fylket.
Lyngdal, Halse og Lindesnes er med på dette, og samarbeidet går ut på å skipe til dans frå kl. 17-20 den andre sundagen i månaden, som alle kan vere med på. AFF er koordinator og Terje Lauen, Kathrine Skoland og Toralf Skoland er spelemenn. Det er ei heilt fantastisk stemning på desse kveldane, og særleg songdansen når nye høgder kvar gong, med eit 30-40-tals ihuga frammøtte dansarar. Urøynde dansarar har ikkje noko å frykte, då mange av dansane får ein kort repetisjon før spelemennene byrjar på melodien. Agder folkemusikk- og folkedansnemnd har heilt klårt skote blink med dette tiltaket. Endeleg har me ei ”orsaking” for å gå på vitjing til kvarandre, slik det var vanleg på lagsmøta for 30 år sidan. All honnør til den gilde nemnda med den gode idéen! Bileta viser to av sundagane, som var på hytta i Flekkefjord og på Nortun i Vanse.
Lag med danseaktivitet
Flekkefjord UL og ML: Leikarring annankvar onsdag på Skogheim (hytta) ved Bjelland i Flekkefjord.
Kvina UL: Leikarring/danseøving kvar andre torsdag på Kvinaheim i Austerdalen.
UL Lyngdølen: Seniordans kvar fredag på Heimtun i Lyngdal.
Lindesnes UL: Dansekveld den siste måndagen i månaden kl. 19 på Vigelandstua på Vigeland i Lindesnes.
Trim&trinn kvar onsdag, dvs. trim kombinert med trinn (dans) den fyrste timen, og så dans heile den siste timen.
BUL Kristiansand: Lagsmøte med føredrag kvar onsdag i BUL-salen i Gyldenløvesgt. 11 i Kristiansand. Folkedanskveld kvar måndag, ta kontakt med Karen Sophie Lund for informasjon.
Greipstad UL: Leikarring kvar måndag på Songtun på Nodeland.
Iveland UL: Sporadiske dansekurs
Lista UL: Dans kvar onsdag på Nortun.
