Arbeidsprogram

ARBEIDSPROGRAM FOR VAUL FOR 2026

Hovudmålsetjinga til Vest-Agder Ungdomslag er å vere ein viktig organisasjon innan folkedans og folkemusikk i Agder. Vest-Agder UL ser det som særs viktig å prioritere ungdomen både når det gjeld organisasjon og opplæring. Fylkesleddet ser det som si oppgåve å gje oppfylging til lokallaga. Satsingane og tiltaka for dette året er:


Styret sitt arbeidsområde

  1. Tilby utdanning og kurs til fylkestillitsvalde (i samarbeid med nemndene) i høve fagseminar, storkurs og leiarkurs.

  2. Vere representert på landsrådsmøte, landsmøte og andre viktige samlingar på sentralt og regionalt nivå (i samarbeid med nemndene).

  3. Gje gratis opplæring til lokallaga på regionale kurs i høve 3-årig satsing på folkedansinstruktørutdanning i fylket, med høgst prioritering for dei under 26 år.

  4. Støtte lag som sender ungar på barnleik det året dette vert tilskipa (kvart fjerde)

  5. Støtte ungdom som vil reise på NU sin sommarleir (i samarbeid med lokallaga)

  6. Støtte lag økonomisk som sender folk på storkurs (6 stipend à 1000 kr til dei 6 yngste)

  7. Støtte lag økonomisk i høve Aksjon lokallag og i høve aktivitetstilskot

  8. Støtte lag økonomisk som ynskjer å skipe til barnestemne

  9. Hjelpe laga som treng det med HMS-arbeid

  10. Skipe til eitt samrådingsmøte/temamøte viss behov for det

  11. Vere tilgjengelege for lokallaga, m.a. ved telefonkontakt og post/e-post og evt. møte

  12. Skipe til fylkesfinalen i Kven Veit (i samarbeid med førre vinnarlag)

  13. Tilby bunadinformasjon til lokallaga via bunadkontakt Dag Olav Hagen

  14. Vedlikehalde og bleste liste over instruktørar og spelemenn rundt om i fylket

  15. Bruke fleire kanalar og måtar til PR og blest, t.d. fjesboka, heimeside, film mm.

  16. Skipe til årsmøte ein laurdag - med debatt og konsert i tillegg (innkome framlegg)


Arbeidsgruppa utnemnt på fjorårets årsmøte:

  1. Utarbeide prosjektskisse med detaljert oversyn over kva for oppgåver som arbeidsgruppa meiner kan gjerast på dugnad og kva for oppgåver som er å sjå på som betalte jobbar

  2. Utarbeide eit detaljert budsjett for dei ulike tiltaka og setje opp ei prioritering.

  3. Utarbeide ein kostnadskalkyle innanfor berekraftige, økonomiske rammer for dei 5 åra prosjektet skal vare.

    Teater:

  4. Støtte lag økonomisk som held på med revy

  5. Vere til stades på premierar i lokallaga

  6. Informere om støtteordningar og NU sitt teatertilbod

Fondstyret for Bondeheimenfondet

  1. Føre tilsyn med fondet innanfor den strategien som er lagt opp for fondet, og sjå etter at fondet får mest mogleg inntekter av plasseringane.

  2. Vere sakshandsamar for lånesøknader frå lokallaga

Nemnda for folkemusikk og folkedans

  1. Delta på storkurs, landsfestival/-kappleik og/eller andre samlingar

  2. Vårfest

  3. Haustfest

  4. Samarbeidsdans 2. sundagen i månaden

  5. Filmprosjekt: Film- og lydinnspeling basert på dansane i Dansetradisjonar frå Vest-Agder

  6. Få i bruk svingtradisjonen frå Vest-Agder 1958-1962 som blei filma av Egil Bakka i 1990

Vest-Agder Ungdomslag er eit fylkeslag av Noregs Ungdomslag for ungdomslag i vestre Agder og Setesdal. Lokallaga våre driv ein allsidig aktivitet med teater, revy, dans, spelemannslag, ungdomsklubber og mykje meir. Dei fleste laga eig og driv eigne ungdomshus til glede for heile bygda!
Image

Vest-Agder Ungdomslag

  Besøksadresse: Peder Claussønsv. 3A, 4520 Lindesnes

  vest-agder@ungdomslag.no

  97 06 44 85